Ei vakker kveldssol hadde teke turen innom Slidre for å vise ammokara frå Raufoss kor vakker bygda kan vera. Men heimelaget stilte med mange skadde spelarar etter kampen mot Vang. Og det gjekk berre 2 minutt før gjestane tok leiinga. Og når Jøran Ytterdal må gå av banen etter 10 minutt må ein ny backfirar stablast på beina.
Resten av omgangen eig Raufoss. SlidreRøn er på nokre vitjingar på Raufoss` halvdel, og ihuga patriotar kunne kanskje notere 1 – 2 sjansar. Ein morosom episode frå det 33. speleminutt tek vi med: ein raufoss- spelar treff stanga og ballen går bak keeper og treff den andre stanga og ballen returnerer ut i feltet og heimelaget for avverga. Vi summerer omgangen slik:
2 min 0 - 1
21min 0 - 2
37min 0 - 3
41min 0 – 4
43min 0 – 5
45min 0 – 6
47min 0 – 7
48min PAUSE
I andre omgang går det 4 min før Raufoss viser ein klassekontring; høg fart og god presisjon: 0 – 8. Men no har Olav Brenna Hansen fått varma opp, og leverer redning på redning, og Bjørn Erik Johnsen krigar solid bak. Dei kan likevel ikkje hindre at Raufoss går opp til 8 – 0 etter 8.minutt.
Men trass stygge sifre har ikkje heimelaget gått opp i liminga. På midtbanen har Jon Teodor slåss i heile fyrsteomgangen og Albert Asbjørnsen får tidvis vist kva han er god for, og etter 19 minutt klarer han nesten å spele fri Jon Terje Rying. 3 minutt seinare får vi sjå eit vakkert samspel mellom Rying og Teo Lyster. Og legg vi på 4 minutt til så er Jon Terje Rying tanken for kjapp for dei ellers så lettbeina gjestene, og han vert lagt ned i straffefeltet. Og Stian Fossnes er sikker på 11metern; 1-9.
Sola har gått ned når Olav Brenna Hansen pådreg seg gult kort og straffespark til Raufoss.
Men tigern frå Vaset reddar straffesparket slik han har gjort før.
Vi noterer også ein sjanse til SlidreRøn etter 44 minutt, når ein corner frå Rying til Asbjørnsen stussar innom Stian Fossnes, men diverre rett på keeper.
Trass i stygge sifre ser vi fram til neste kamp, vonlegvis utan altfor mange skadde spelarar
DAGENS LAG:
OLAV BRENNA HANSEN
AUDUN ØYGARD - BJØRN ERIK JOHNSEN – JØRAN YTTERDAL –– ARNE THOR THORSSON
JON TEODOR LYSTER - ALBERT ASBJØRNSEN – STIAN FOSSNES – ANDERS NYSVEEN
JON TERJE RYING – FREDRIK SOLBERG
INNBYTE: LASSE STENSRUD – TOMMY AANENSEN



