Slidre/Røn - Snertingdal, 5 - 2 ,5. september 2011
A-lag

Etter to stortap var dagen kome der SlidreRøn skulle få høve til å vise kva laget kan. Og alt frå oppvarminga var det tydeleg at no skulle det bli siger.

Og det skulle ikkje gå meir enn 3 minutt før heimelaget får den fyrste sjansen der eit innlegg frå Anders Nysveen vert styrt like utanfor av Albert Asbjørnsen. Heimelaget held fram med å produsere halvsjansar, men upresise pasningar øydelegg. Både Albert Asbjørnsen, Fredrik Solberg, Jan Egil Salvesen og Jon Terje Rying prøver seg på avslutningar utan hell. Og første 25 minutta bølgjer spelet med eit knapt overtak til SlidreRøn. Bjørn Erik Johnsen må dra frå alle kreftene for å stagge venstrevingen til Snertingdal. Frisparket endar til slutt i mål, men dommaren har registrert at det er hands og annulerer korrekt målet.

På midtbanen gnistrar det av Albert Asbjørnsen som får god hjelp av Emil Hovrud og ein halvskadd Jan Egil Salvesen. Og ute på sida ligg Anders Nysveen klar i startblokka når bakromsballane kjem. Og etter 32 minutt klarer Anders å krige til seg hjørnespark. Hjørnesparket serverer Anders perfekt til Emil Hovrud som klinkar ballen i mål: 1 – 0.

10 minutt seinare burde Snertingdal ha utlikna når dei står i kø for å skyte, men ingen treff ballen, og vi kan gå til pause med leiing.

Etter pausen tek Snertingdal kommandoen og litt smårufs i det ellers svært solide forsvaret gjer at Snertingdal får utligning etter 4 minutt. Men det skulle ikkje gå meir enn 4 minutt før Jon Terje Rying får ein PERFEKT løpeball og lynet viser hastighet og 2 – 1!! 2 minutt etter er det keeper Olav Brenna Hansen som viser godtakter og reddar meisterleg eit skot frå gjestane. 

No overtek SlidreRøn totalt og det som skjer skjer på Snertingdals banehalvdel. Men etter 20 minutt er Snertingdal frampå og berre heroisk innsats frå Arne Thor Thorsson hindrar ei ny utligning.

32 minutt er gått når Fredrik Solberg stig opp frå matta og headar elegant til Jon Terje Rying som kontant aukar til 3 – 1. No kjem også Jon Teodor Lyster på banen og etter 42 minutt krigar han seg til hjørnespark. Og hjørnesparket ekspederer Fredrik Solberg kontant i mål: 4 – 1!

Minuttet etter kjem kanskje kampens høgdepunkt; Albert Asbjørnsen startar på eigen banehalvdel og kjører slalåm gjennom heile Snertingdal og serverer til Jon Terje Rying som berre smadrar ballen i mål: 5 – 1!!!

Kampen vert avslutta med ein lobb frå Snertingdal som snik seg  like under tverrliggjaren og gjer at sluttresultatet vert 5 – 2.

I dag skal heile laget ha ros. Bak er Jøran Ytterdal konge, men får god hjelp av dei andre i backrekka. På midtbanen er Albert Asbjørnsen ein gigant som idag får den hjelpa han treng av dei andre og dermed får spissane ballar som til slutt endar i mål. Og Jon Terje Ryings 3 mål gjer at han no er toppscorar.

DAGENS LAG:

OLAV BRENNA HANSEN

BJØRN ERIK JOHNSEN – JØRAN YTTERDAL –– AUDUN ØYGARD - ARNE THOR THORSSON

JAN EGIL SALVESEN - ALBERT ASBJØRNSEN – EMIL HOVRUD – ANDERS NYSVEEN

JON TERJE RYING – FREDRIK SOLBERG

INNBYTE: JON TEODOR LYSTER – STIAN FOSSNES

Utviklet av Røn Solutions