Etter den førre kampen var det eit heiltent SlidreRøn som entra banen på Tveit. Dei fyrste 5 minutta gjekk i eit forrykande tempo. Og spesielt bortelaget var aktive i starten, men det er Vang som får den fyrste sjansen etter eit hjørnespark som Olav Brenna Hansen reddar elegant i det 5. speleminuttet.
Neste kvarteret bølgjer spelet fram og tilbake utan at nokon av laga produserer store målsjansar. Då er brått SlidreRøn farlege, mellom anna presterer Jon Terje Rying seg på brassespark, men mål vert det ikkje. Like etter løfter Jan Egil Salvesen ballen elegant over
den bakre firarn til Vang og J.T. Rying skyt til hjørnespark.
Halvtimen er spela når Kai Arne Kvale får gå i fred fram mot sekstenmeteren og dundrar ballen i mål: 1 – 0 til Vang.
På heimelaget er Jan Egil Salvesen i fyrverkeriform, og til sist vert han teken så hardt at Vidar Hilmen må dra opp eit gult kort for å stagga ein Vangspelar. Salvesen er over alt, og 4 minutt før pause er han bakerst og reddar til corner. Like etterpå får Vang frispark som vert heada i tverrliggaren. Og dei får endå ein sjanse til før pause, men pauseresultatet er 1-0.
Andre omgang vart om mogleg meir innhaldsrik enn fyrste. Før det er gått 3 minutt har begge lag hatt kvar sin sjanse. Fire minutt skyt Albert Asbjørnsen seg til hjørnespark. Så går det nye 3 minutt før Vangs Robert Christensen tek rennafart og dundrar til, men srkur ballen 2 meter utanfor. Så får SlidreRøn frispark, samstundes som Vang pådreg seg eit nytt gult kort, men nok ein gong blir avsluttinga plassert til side for målet.
Og dette skulle bli tonen utover i kampen:
20.minutt hjørnespark som Ola Masdal headar 29,3 cm over
26.minutt: frispark på 30 meter som Bjørn Erik Johnsen sender over mål
MEN etter 28 minutt er toppscorar (og midtbaneterrier) Anders Nysveen framme og møter eit vakkert innlegg frå Jon Terje Rying: 1 – 1. Og det var ei fortent scoring!!
Og SlidreRøn dominerer kampen no og pressar Vang bakover. Fredrik Solberg er farleg frampå fleire gonger, men det meste går til hjørnespark. Dermed endar kampen 1 – 1.
Den bakre firarn heldt eit høgt nivå, og det må vera eit luksusproblem at Audun Øygard får sitja på benken. Midtbanen varierer mykje, og er på sitt beste svært gode. Dei er med på å skape mange sjansar/halvsjansar, men laget er nesten vaksinert mot å omsetje sjansar til teljande resultat. Det går ikkje i lengda!
DAGENS LAG:
OLAV BRENNA HANSEN
BJØRN ERIK JOHNSEN - OLA MASDAL – JØRAN YTTERDAL –– ARNE THOR THORSSON
ALBERT ASBJØRNSEN – STIAN FOSSNES – JAN EGIL SALVESEN– ANDERS NYSVEEN
JON TERJE RYING – FREDRIK SOLBERG
INNBYTE: EMIL HOVRUD – JON TEODOR LYSTER


